top of page
Den Grønne Mølle

Rekord­mange hus har fått solceller i år

Aldri før har så mange bustadhus fått solceller på taket som i år. – Eg trur det blir «gørbra», seier østfoldingen Cristian Bühler (66) medan solcellene blir monterte.


solceller

Det er snø på bakken og skyer på himmelen over Mysen i Indre Østfold denne desemberdagen. Likevel er solforholda her viktigast for montørane som har kome hit.

– Taket har god vinkel og vender mot sør, så det er gode forhold for solceller, seier Kristoffer Liset, fagansvarleg for prosjekt hos Solcellespesialisten.


Firmaet skal montere 22 solcellepanel på hustaket til Cristian Bühler. Det gir ein installert effekt på nesten 9 kilowatt.

– Det kan gi omtrent 10.000 kilowattimar i løpet av eit år. Men det kjem sjølvsagt an på vêret, seier Liset, mens to montørar heiser panela frå bakken og opp på stillaset.


Rekordstor interesse


Aldri før har så mange huseigarar investert i solcelleanlegg som i år, viser tal frå energi- og klimaføretaket Enova. Det statlege føretaket gir støtte til solceller og ein del annan teknologi som produserer straum eller sparar energi.


– Dobbelt så mange som i fjor har søkt støtte til solceller i år. Og fjoråret var òg eit rekordår, seier Anna Theodora Barnwell, marknadssjef for tenesteyting og sluttbruk i Enova.


Før jul hadde nesten 10.500 bustadeigarar søkt om stønad frå Enova til solcelleanlegg. Det er altså ei dobling frå i fjor – og omtrent 20 gonger fleire enn for berre seks år sidan, i 2017.


– Høge straumprisar er nok den viktigaste grunnen til at fleire investerer i solceller, trur Kristoffer Liset.


solceller

Meir solkraft enn vasskraft


Vasskraftverk står for det aller meste av straumproduksjonen i Noreg. Solkrafta er framleis forsvinnande liten i den store samanhengen. Men ho aukar raskt.

I 2023 er det bygd ut mykje meir solkraft (295 MW) enn vasskraft (182 MW) målt iinstallert effekt, viser tal fråElhub.


Det omfattar all solkraft, ikkje berre den som blir produsert på taka til bustadhus.

Berekna årsproduksjonen av solkraft her i landet er no er 0,454 TWh.


Det er altså eit stykke igjen til å nå Stortinget sitt mål om 8 TWh solkraft i året innan 2030.

Men solcelleanlegget på taket til Cristian Bühler i Mysen i Indre Østfold er i alle fall eit steg på vegen.

– Eg synest det er spennande, eg må innrømme det. No det gjeld å få i gang ein sånn app og forhåpentlegvis sjå kilowattane tikka inn, seier han.

Bühler legg til at han ser på lågare straumrekningar som «ein del av pensjonen» i åra framover.

Solcelleanlegget hans kostar 186.000 kroner. Frå dette kan han trekke nesten 19.000 kroner i bidrag frå Enova, og endar dermed på 167.000 kroner.


Enova gir no i gjennomsnitt 22.500 kroner i støtte til eit solcelleanlegg i bustadhus. Støtta blei redusert noko frå 1. oktober.


Nedbetalingstid


Kostnaden for å få solceller på hustaket varierer mellom anna med leverandør, kvar huset ligg og kva type hus og tak det er som skal ha solcellepanela.

– Inkludert støtta frå Enova vil det på ein gjennomsnitts-einebustad koste om lag 120.000 kroner for eit solcelleanlegg. Nokre kostar meir, andre mindre, seier Kristoffer Liset hos Solcellespesialisten.

– Kor lang tid tar det før anlegget er nedbetalt?

– Det er veldig vanskeleg å seie, for det avheng veldig av straumprisen i åra framover. Men eg tippar sju-åtte år.

– Kor lenge lever solcellene?

Vi ser for oss ei levetid på 30 år. Så vil dei ikkje slutte å verke, men teknologien har kome lenger og det er kanskje på tide å byte dei ut, seier Liset.


Produserer litt sjølv den mørkaste tida på året


Vanlegvis reknar ein med at solceller kan dekkje ein fjerdedel av straumforbruket i ein einebustad. Størst er produksjonen frå mars til oktober.

Når anlegget er ferdig bruker Cristian Bühler appen på telefonen for å sjå på straumproduksjonen. Nokre dagar seinare, den 19. desember var det ein del sol men òg nokre skyer. Det hadde heller ikkje lagt seg snø på solcellepanela. På telefonen fortel huseigaren at anlegget i løpet av dagen fram til klokka 15:00 har levert 6,5 kilowattimar straum.


– I den aller mørkaste tida på året synest eg ikkje det er så verst. Det hjelper nok at taket heller ganske bratt, seier Bühler.



1 visninger
bottom of page